page view image

Intimkonsert på bryggekanten med Rita Eriksen

Rita Eriksen Trio kjem til Mandelhuset laurdag 27. juni for utekonsert på bryggekanten. Ei nær og stemningsfull sommaroppleving med sterke låtar og solid musikalsk samspel. Konsertstart kl 19.00. Bord til middag før konserten kan bestillast online.

Information
event image

Rita Eriksen Trio – utekonsert på bryggekanten
Laurdag 27. juni

Laurdag 27. juni får me storfint besøk på Mandelhuset når Rita Eriksen Trio kjem til bryggekanten for utekonsert. Dette blir ein stemningsfull sommarkveld med nær musikk, sterke låtar og ei av dei mest markante stemmene i norsk musikkliv.

Rita Eriksen har hatt ei lang og innhaldsrik karriere, med ei rekkje høgdepunkt bak seg. Ho slo for alvor gjennom tidleg på 90 talet og har sidan vore kjend som ein allsidig og truverdig artist, både som soloartist og i samarbeid med andre. Ho har motteke Spellemannpris, vore ein sentral del av Eriksen prosjektet, gitt ut fleire kritikarroste soloalbum og vart i 2012 den aller første vinnaren av Stjernekamp.

Musikken hennar spenner vidt, frå folk og country til vise og pop, alltid framført med varme, presisjon og eit sterkt personleg uttrykk. På scena denne kvelden har ho med seg sin bror Frank Eriksen på gitar og song, samt Stian Tønnesen på gitar og song. Samla gir trioen eit tett og fint samspel som passar perfekt i ramma av ein sommarkveld ved sjøen.

Konserten går ute på bryggekanten og byr på ei roleg og sterk oppleving, der publikum kjem tett på både artist og musikk. Bord for middag før konserten kan bestillast online for dei som vil starta kvelden tidleg og gjera ein heilskapleg kveld ut av det.

Dato: 27. juni
Tid: kl 19.00
CC: 450,-
Billettar: Ticketco.no

intimkonsert ritaeriksen mandelhuset tysnes

Restrictions

Ingen alldersgrense

Waiver

Billetter refunderes ikkje.