THANK YOU FOR THE MUSIC – ABBA TRIBUTE SHOW
Gjer deg klar for ei forrykande hyllest til ABBA på Mandelhuset! Laurdag 1. august inviterer me til ein uforgløymeleg kveld fylt med udøyelege hits, allsong og høg dansefaktor. Sikre deg billettar til sommarens store musikkfest i dag!
THANK YOU FOR THE MUSIC – ABBA Tribute Show
Stad: Mandelhuset Dato: Laurdag 1. august Tid: Kl. 19:00 Billettpris: Kr 380,- (+ avgift)
Gjer deg klar for ei forrykande hyllest til ABBA!
Med supervokalistane Unni Hilt, Hibbi Mannes og Mads Pedersen i front, backa av fire av Haugalandet sine mest respekterte musikarar, er det duka for ein uforgløymeleg kveld. Me fyller Mandelhuset sin bryggekant med ABBA sine største og mest kjende hits, og garanterer magisk stemning frå start til slutt.
Her blir det allsong, høg dansefaktor og musikalske høgdepunkt på rekkje og rad – alt servert med skyhøg kvalitet og smittande speleglede!
ABBA-gjengen frå Haugalandet har lang fartstid i bransjen. Både vokalistar og musikarar er svært ettertrakta og mykje brukte i distriktet, både kvar for seg og saman i ulike konstellasjonar.
På scenen møter du:
Unni Hilt: Haugesundar med ein enormt allsidig musikalsk bakgrunn. Ho har stått på scenen med artistar som Hanne Krogh, Vidar Johnsen og Odd René Andersen, og hatt stor suksess med samarbeidsprosjektet «Blott ein dag» saman med Vamp-vokalist Jan Ingvar Toft. Unni var solist i «Team Hanne», er fast vokalist i Haugaland Storband, og singelen hennar «Learn to smile» har rullert mykje på både Radio 102 og NRK.
Hibbi Mannes: Oppvaksen på Vea – sjølvaste perla på Karmøy! Hibbi er ei røynd artist og låtskrivar som var handplukka solist i «Team Hanne», og som turnerte Noreg rundt med Hanne Krogh og Alexander Rybak i 2021. Ho er ein mykje brukt solist ved store events i sildabyen, har opptredd i Beatles-tribute, og har fylt Festiviteten med sitt heilt eige soloshow.
Mads Pedersen: Allsidig vokalist frå Karmøy som markerer seg sterkt i mange ulike sjangrar. Han er dirigent og solist for Stavanger Gospelkor, og deler rolla som fast vokalist i Haugaland Storband med Unni Hilt. Mads har gitt ut eigne soloplater og bidreg ofte som musikar, vokalist og produsent på andre utgivingar.
Velkomen til ein musikalsk festkveld på Mandelhuset!
Stad: Mandelhuset
Dato: Laurdag 1. august
Tid: Kl. 19:00
Billettpris: Kr 380,- (+ avgift)
Bord: Bestill bord før eller etter showet: https://www.mandelhuset.no/booking
Waiver
Kjøpte bileltter refunderes ikkje.