page view image

Bryggedans med Queen Tribute Show 5. juni!

Bryggedans ute på kaien fredag 5. juni med Queen Tribute Show ved Ole André Westerheim. Dei største Queen låtane, høg energi og ekte sommarfest på Mandelhuset. Konsert kl 21.00–23.00. Bord til middag før konsert kan bestillast online.

Information
event image

Bryggedans med Queen Tribute Show
Fredag 5. juni

Fredag 5. juni inviterer me til stor bryggedans ute på kaien når Ole André Westerheim kjem til Mandelhuset med sitt Queen Tribute Show. Dette blir ein av dei verkelege høgdepunkta denne sommaren, med fullt trøkk, kjende låtar og ei stemning som berre veks utover kvelden.

Her får me servert dei største Queen låtane, saman med fleire favorittar, framført med høg presisjon og enorm speleglede. Showet har tidlegare hausta strålande kritikk, både for Westerheim si sterke og truverdige tolking av Freddie Mercury og for bandet sitt autentiske og energiske nærvær på scena. Med seg har han eit band i toppklasse, dyktige musikarar med lang fartstid i musikkbransjen.

Dette er det mange omtalar som Noregs beste Queen Tribute Show, og ramma kunne knapt vore betre. Bryggedans ute på kaien, kveldssol, sjøluft, allsang og dans frå første låt til siste refreng. Kle deg opp, syng med og bli med på sommarfesten.

Bord for middag før konserten kan bestillast online for dei som vil gjera ein heil kveld ut av det.

Dato: 5. juni
Tid: kl 21.00–23.00
CC: 350,-
Aldersgrense: 18 år
Billettar: Ticketco.no

queen mandelhuset tysnes

Restrictions

Bruker av bileltten må vera fylt 18 år.

Waiver

Billetter refunderes ikkje