page view image

Signe Førre - Intimkonsert på Mandelhuset

Information
event image

Gled dykk til ein magisk, klassisk konsert med fantastisk flinke, Signe Førre. Dette blir eit eventyr av ein konsert, noko for alle med eit musikkhjarta!

Dato: Fredag 1. november.
Tid: 18:00
Lokale: Naustet eller Festsalen (ut frå billettsal).
Pris: 300,- inkl. billettavgift.


Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre vart tildelt midlar frå Det norske komponistfond til å skrive eit tingingsverk til Finnesloftet i 2019. Musikken er ei reise gjennom ulike kulturar og tidsperiodar der ho tek oss med i hennar univers der folkemusikk og jazz vert smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement på musikk i frå ulike kulturar, der ho syng på alle orginalspråka! Dette innebærer serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk m.m. Konserten i Finnesloftet vart tidleg utseld og ein stor suksess! Saman med Jo Asgeir Lie på trekkspel, Kåre Opheim på trommer og perkusjon, er Signe Førre klar til å syna fram musikken på ny! Ho har videreutvikla verket og i tillegg til Jo Asgeir Lie og Kåre Opheim frå urfremføringa, er Torbjørn Økland med på trompet og ulike strengeinstrument som bouzouki og gitarar og dei er no blitt ein fast kvartett.

Signe Førre Kvartett

Signe Førre - kontrabass, vokal

Torbjørn Økland - trompet, bouzouki, gitarar

Jo Asgeir Lie - trekkspel

Kåre Opheim - trommer, perkusjon

Litt om musikarane: 

*Signe Førre debuterte som bandleiar allereie som 19 åring under Vossa Jazz 2014 saman med Elisabeth Lid Trøen på saksofon, Eivind Austad på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Ho har spelt konsertar med fleire kjende namn som Andy Sheppard, Marius Neset, Laura Jurd, Zoe Rahman, Dag Arnesen m.fl. Signe Førre har i tillegg sin eigen jazztrio med Erlend Slettevoll på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. 

*Torbjørn Økland er kanskje mest kjend som gitarist i Haugesunds-gruppa Vamp frå 1991 til 2014. Dei har vunnet fleire Spellemannspriser, blant anna Årets Spellemann i 2006. Saman med Paul Hansen og Carl Øyvind Apeland, begge tidlegare Vamp- medlemmar, starta han i 2015 bandet Blest som gav ut sitt sjølvtitulerte debutalbum i 2017. Økland har vore benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar, blant anna Helene Bøksle, Grethe Svensen, Hanne Krogh, Elin Furubotn, Anne Grethe Preus, Anita Skorgan, Rein Alexander, Mikis Theodorakis, Arja Sajonma, Lillebjørn Nilsen, Bjørn Eidsvåg, Di Derre m.fl.

*Jo Asgeir Lie er rektor ved Ole Bull akademiet. Han er fast medlem av gruppa Kvarts, som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. For tida samarbeidar Kvarts med Jonas Fjell. Lie har ellers samarbeida med ei lang rekkje musikarar og ensembler som blant anna Ole Paus, Henning Kvitnes, Ragnhild Hemsing, KORK, Trondheim Solistene, Stein Torleif Bjella m.fl. Han har sjølv skrive musikk for ei rekkje ensembler og prosjekt og har i tillegg ein duo saman med Carl Petter Opsahl.

*Kåre Opheim er fast medlem av gruppa Hildo og Real Ones som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. Han har deltatt på ei rekkje album og spelar fast med kjende namn som Karl Seglem og Sigrid Moldestad. Kåre Opheim er ein allsidig musikar som spelar musikk i frå mange ulike sjangrar, og har blitt benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar som Marit Larsen, Odd Nordstoga, Ole Paus, Herborg Kråkevik, Berit Opheim, Stein Urheim, Mike Gallaher m.fl.


signeførre signe førre konsert klassisk naustet

Restrictions

Ingen aldersgrense.

Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikkje.