Skjærtorsdag på Mandelhuset med Håvard Skåtun

Gjer deg klar for ei kveld med god stemning, herleg musikk og fantastisk underhaldning på Mandelhuset torsdag 17. april! Denne kvelden får me besøk av trubaduren Håvard Skåtun, kjent frå The Voice og som gitarist for Rune Rudberg.

17.04.2025 21:00 @ Mandelhuset
Roar Brekke & Arne Torget - Påskeaften på Mandelhuset

Gjer deg klar for ein uforgløymeleg kveld med latter og galskap på Mandelhuset laurdag 19. april, påskeaften! Me inviterer til ein helaftens humorbonanza med to av Vestlandets fremste underhaldarar: Arne Torget og Roar Brekke. Med knallsterk standup, kvasse rim og elleville observasjonar blir dette eit show du absolutt ikkje vil gå glipp av!

19.04.2025 20:00 @ Mandelhuset
Ausekarane i Vonheim

Ausekarane har i ei årrekkje trollbunde publikum på Vestlandet med fengjande musikk, ellevill humor og topp musikarprestasjonar. Med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen har dei levert prisvinnande album, minneverdige show og utselde turnear – alt med eit solid glimt i auget og røtene godt planta i strilekulturen. Frå den første suksessen med «Haraball i naustet» til turnear med ferja «Showtime», har dei skrive seg inn i hjartet til både folk og media.

31.05.2025 20:00 @ Vonheim
Inger Lise Hope - Sommarkonsert på Mandelhuset

Opplev den klokkeklåre stemma og sterke formidlinga til Inger Lise Hope når ho kjem til brygga på Mandelhuset for ein intimkonsert laurdag 19. juli. Saman med pianist og gitarist byr ho på ein kveld fylt med musikalske eventyr som rører sjela.

🎟 Billettpris: 550,- + avgift
⏰ Konsertstart: 18:00
📅 Dato: Laurdag 19. juli 2025
📍 Stad: Ute på brygga (kle deg etter veret)

🌿 Ønskjer du middag før eller etter konserten? Bestill bord inne: www.mandelhuset.no/booking

19.07.2025 18:00 @ Mandelhuset
page view image

Mandelhuset

Street : Hegglandsvegen 6
City : Tysnes