page view image

Ausekarane i teltet på E-brygga

Me lager til eit heidundrandes show med Ausekarane i det nye store teltet på E-brygga i Våge Gjestehamn!

Information
event image

Me lager til eit heidundrandes show med Ausekarane i det nye, store teltet på E-brygga i Våge Gjestehamn!

Gled dykk til eit show utan like, Ausekarane skuffer aldri!

-"AUSEKARANE - Ramsalt kystmusikk på fullt!

Det er ikkje utan grunn at Ausekarane - med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen - har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For dette er fengjande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar. På skryteveggen står kåring som Bergens beste sceneoppleving i 2010, 1. plass på VG-lista med albumet «Farande fant», Platinatrofé for «Ausedansen», Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts».

Det starta med «Haraball i naustet» på Logen i Bergen. Ausekarane gjorde stor suksess med musikk-kabareten som var basert på kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar.
Sommaren 2008 vart forestillinga tatt med ut i sitt rette element; På fjorden. Frå kai te kai på Vestlandet først med ferja «Showboat» og seinare ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd`n, me kjem te deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå både folk og media. Sidan den gong har det gått slag i slag med konsertar, turnear, show, album- og DVD-utgjevingar.

– Vi ønsker å vera kystkulturbærarar som vil halde liv i arven etter artistar som har gått føre, fortel gitarist Jan Arne Knutsen. – Og vi opplever ei endring blant dei unge strilane. Det ser ut til å vekse fram ei kjensle av å vere stolt over kvar vi kjem frå.

Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.

Og våren 2024 kjem Ausekarane med splitter ny musikk. Det er berre å gleda seg.
"

Billetter: 550,- pluss billettavgift.
Aldersgrense: 18 år (15 år og oppover kan kjøpa billetter med følge av foreldre, der foreldre har det heile og fulle ansvar heile kvelden. Det må meldes frå om ved inngongen at du har med deg foreldre)
Showstart: kl: 20:00

Bord til middag på Mandelhuset kan bestilles i forkant: https://www.mandelhuset.no/booking

Overnatting: Haaheim Gaard (Uggdal), Tysnes Sjø og Fritid (Uggdal), Airbnb.

ausekarane tysnes mandelhuset våge show konsert musikk kystkultur

Restrictions

Aldersgrense: 18 år (15 år og oppover kan kjøpa billetter med følge av foreldre, der foreldre har det heile og fulle ansvar heile kvelden. Det må meldes frå om ved inngongen)

Waiver

Billetter refunderes ikkje.