Ausekarane på Mandelhuset 4 og 5 september.

Arrangementsinformasjon

Velkomen til to dager med ausedans! Ausekarane kjem til Mandelhuset fredag 4. og laurdag 5. september. 


Tysnes Sparebank sponser fredagen, så dei billettene er det reduseret pris på. Me forventer at billettene går som varmt hvetebrød,  ikkje sitt på gjerdet og vent!


//Billettsalget startar kl 16:00 6. august// 


Konsertstart: kl 20:00 begge dager.

Konsertane er i teltet på E-brygga.


-Kystkultur, strilahumor, feelgood og folkeleg underhaldning på sitt beste!


Ausekarane med Bjørn Jensen og Tor Endresen i spissen har herja revy- og konsertscener på vestlandet i ei årrekkje. Det heile starta på Logen Teater i Bergen hausten 2007 med kabareten «Haraball i Naustet». I sentrum stod kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine sangar og ramsalte tekstar. Sommaren 2008 vart forestillinga tatt med ut i sitt rette element; - på fjorden, frå kai te kai på Vestlandet. Først med ferja «Showboat», og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd’n, me kjem til deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå publikum og media.


Etter dette har det gått slag i slag med nye show, ferjeturnear, konsertar, fleire album- og dvd utgivelsar. «Ausedansen» har for lengst passert 1 million visningar på YouTube og fjoråret vart krona med både Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts». 


Ausekarane si nyaste forestilling «Ferjelaus og steik forbanna!» vart mottatt med latterbrøl, utselde hus, ekstraforestillingar og strålande kritikkar. 

-Publikum hyler av latter! En herlig orgie av musikalsk komikk. Kultur og komikveld. Go'knall!! (Bergensavisen)

-Ramsalt, gapskratt, følsomt, poetisk. Musikalsk virtuost og støtt som fjell. Rikelig å more seg over.  (Bergens Tidende)


Ausekarane er:

Bjørn Jensen – song, gjøgling, gitar

Tor Endresen – song, gjøgling, gitar

Espen Vågstøl – trommer  

Tore Mæhle – bass, kor

Svein-Tore Hindenes – trekkspel, keyboards, kor

Jan Arne Knutsen – gitar, mandolin, banjo


Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, unntatt Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget.

Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.. :-)




Billettpris fredag: 255,- + billattavgift

Billetpris laurdag: 550,- + billettavgift.

ausekarane
mandelhuset
tysnes
konsert
show

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje.