Endre Olsen og Ragnhild Kambo Grov på Mandelhuset

Ta vel imot folkekjære, Endre Olsen! Med seg har han sin duettpartnar, Ragnhild Kambo Grov.
For sin dialektforankra viserock på platene "Bøttevis med blått" og "Baklengs tebake", har stordabuane Endre Olsen og Ragnhild Kambo Grov hausta femmarar og seksarar i BT, Dagbladet og Klassekampen. For tekstane på desse platene vart Endre i 2021 tildelt det gjeve Olav H. Hauge-stipendet for unge lyrikarar. I grunngjevinga heitte det at "Endre Olsen syng på eit vis så vi skjønar at noko står på spel. Han syng om gleda i livet. Og om melankolien i livet. Om ting som gjekk gale og om vegen vidare. Om ting vi kan kjenne oss heime i uavhengig av alder, kjøn, kvar ein bur eller sosial status. Han ser utover seg sjølv og syner oss ein større himmel."
I vår ser du Endre i beste sendetid på TV2, som deltakar på The Voice. Saman med Ragnhild turnerer han også med hyllest-konserten "Endre Olsen & Hestehandlarane hyllar Ivar Medaas" og til hausten kjem det ny plate. På Mandelhuset denne kvelden får du høyra litt av alt.
Konsertstart kl 21:00
Pris: 200,-
Restriksjoner
Brukeren av billetten må vera fyllt 18 år.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter refunderast ikkje.