page view image

Fredag 20. juni – Jubileumsfest

Informasjon
event image

Mandelhuset 30 år – Jubileumshelg 20.–22. juni

Vår historie 
I 1995 opna Liv og Arvid Arnesen dørene til ein koseleg og maritim restaurant i Våge. Inspirert av den vesle familiebedrifta med sal av sukkervarer og brente mandlar frå Bergen, vart Mandelhuset eit samlingspunkt der mat, gode samtaler og minner møttast i eit varmhjarta miljø.

I 2005 tok me over drifta , og frå den dagen har arven frå Arnesen vekse vidare med både pågangsmot og kjærleik. Dei siste 20 åra har vore ei reise med opp- og nedturar, vekst, nye aksjonærar og ikkje minst eit enormt engasjement frå både medarbeidarar og lærlingar  som har bidrege til at me utviklar oss til det unike huset me er i dag. Me er evig takksame for alle som har stilt opp med dugnad, hjelpt til i emisjonen, og alle dykk som kjem innom som gjest, for kvar einaste ein av dykk gjer Mandelhuset levande.

Program for jubileumshelga:

Fredag 20. juni – Jubileumsfest

  • Voksenbursdag med ballongar og feststemning!

  • Kl. 20:45: Kort velkomsttale frå meg, Patrick

  • Kl. 21:00: Gratiskonsert med TBA

  • Jubileumsprisar i baren (påmelding gjeld : TRYKK HER for "billetter")

  • Bestill gjerne bord før konserten for å nyte ei heilafta med god mat og sosialt samvær

Sundag 22. juni – Familiebursdag

  • Kl. 12:00 – ca. 14:00: Gratis familiebursdag med alt inkludert

  • To underhaldande show med Klovnen Knut – Norges mest allsidige og originale klovn!

    • Kvar show varer ca. 40 minutt, med innslag som tryll, tøys, musikalske unoter, sjonglering og mykje meir

    •  Cirka 30 min pause før nytt show på 40–45 minutt med Lirekasse Knut og litt ballongfigurering.

  • Restauranten held oppe gjennom heile dagen, perfekt for ein søndagslunsj med familien.

Framtida – saman vidare
Med 30 år på baken ser me fram til ei framtid med endå meir liv, samanhald og utvikling. Me skal halde fram med å vera ein fast plass i kommunen, med opne dører for talent, gode arbeidsplassar og ei atmosfære der både gjestar og medarbeidarar kjenner seg heime.

Me set stor pris på dykkar støtte og engasjement gjennom åra, og gleder oss til å feire med dykk!
Hugs å melde dykk på via ticketco.no for fredagens jubileumsfest, sjølv om alt er gratis, treng me oversikt for å bemanne godt.

mandelhuset tba

Restriksjoner

Dersom du har ein billett og kan ikkje møta, hus å meld frå sånn at andre kan få plassen din.

Ansvarsfraskrivelse

Nyt livet!