Sigrid Moldestad i Tysnes kyrkja // med middag på Haaheim Gaard og Mandelhuset

Arrangementsinformasjon

Velkomen til ein vakker julekonsert med Sigrid Moldestad, sammen med HazeliusHedin i Tysnes Kyrkja, fredag 17. desember

"Dette blir kanskje ein av årets vakraste julekonsertar i Noreg! Med klangar frå den nordiske
tradisjonen, frå salmar og julesongar, nyckelharpa, hardingfele, orgel og tonar som
varmar deg i mørketida.

Folkartisten Sigrid Moldestad inviterer med seg den svenske duoen HazeliusHedin i tillegg til
Sigbjørn Apeland på sin julekonsert “Vintersong” i år. Esbjørn Hazelius og Johan Hedin
er blant Sveriges største folkemusikkstjerner og er kjende for sine inderlige songar og sitt
svingande strengbaserte spel. I tillegg til duo og eigne soloprosjekt i heimlandet medvirka
bl.a Esbjørn Hazelius i den skandinaviske suksessen “Jul i Folkton” på plate og konsert i
fleire år. Duoen har turnert store delar av Norden, samarbeidd med Tomas Ledin og vore i
Norge fleire gonger. Saman med Sigrid Moldestad blir det garantert stemningsfulle kveldar
med klare nordiske julefargar og personlige tolkningar av songar som passar mørketida til.

Julekonserten “Vintersong” vart starta av Sigrid Moldestad i 2014 og har ei unik besetning
kvart år.

Sigrid Moldestad ( song/hardingfele/fele)
Esbjørn Hazelius ( cittern/gitar/fele/song)
Johan Hedin ( sopran/oktav-nyckelharpa/cittern/ song)"


Konserten er eit samarbeid mellom Mandelhuset og Haaheim Gaard. Det blir anledning til å tinga bord på ein av stadene etter konserten, du velgjer sjølv kor du vil gå. Begge stadene serverer ein fire-retter. Du kan og kjøpe billett til kun konserten, men det blir eit begrenset billetter lagt ut for kun konsert, målet er å selga ut middagene saman med billett. 


-Konsertlokale: Tysnes Kyrkja kl 18:00

-Middag, fire-retter på Haaheim Gaard og Mandelhuset.: kl 20:00

-Konsert og middag: 1090,-

-Kun konsert: 600,- (pluss avgift)

-Bestilling av middag på Haaheim Gaard blir gjort på epost: post@haaheimgaard.no

-Bestilling av  middag på Mandelhuset blir gjort på epost: booking@mandelhuset.no

-Dersom du kun skal på konsert så kjøper du billett på ticketco.no, du treng ikkje kjøpa billett når du bestiller middag på ein av stadene.

-Konsertstart: 18:00 

-Middag: 20:00

sigrid
sigrid
moldestad
tysnes
kyrkje
haaheimgaard
mandelhuset
konsert
julekonsert

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje.