Ausekarane i Vonheim

Ausekarane har i ei årrekkje trollbunde publikum på Vestlandet med fengjande musikk, ellevill humor og topp musikarprestasjonar. Med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen har dei levert prisvinnande album, minneverdige show og utselde turnear – alt med eit solid glimt i auget og røtene godt planta i strilekulturen. Frå den første suksessen med «Haraball i naustet» til turnear med ferja «Showtime», har dei skrive seg inn i hjartet til både folk og media.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 31 mai 2025 20:00

Slutter lørdag 31 mai 2025 21:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
Ausekarane i Vonheim
event image

Arrangementsinformasjon

Mine damer og herrer, gled dykk til eit eventyr av ein kveld i kulturhuset vårt, Vonheim, ungdomshuset i Våge.

-"

Det er ikkje utan grunn at Ausekarane - med Tor Endresen og Bjørn Jensen i

spissen - har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For

dette er fengjande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje

minst eit band med fantastiske musikarar. På skryteveggen står kåring som

Bergens beste sceneoppleving i 2010, 1. plass på VG-lista med albumet «Farande

fant», Platinatrofé for «Ausedansen», Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for

albumet «Ein hau med hitts».

Det starta med «Haraball i naustet» på Logen i Bergen. Ausekarane gjorde stor

suksess med musikk-kabareten som var basert på kysttrubaduren Johannes

Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar. Sommaren 2008 vart forestillinga tatt

med ut i sitt rette element; På fjorden. Frå kai te kai på Vestlandet. Først med ferja

«Showboat» og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd`n,

me kjem te deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå både folk og

media. Sidan den gong har det gått slag i slag med konsertar, turnear, show,

album- og DVD-utgjevingar.

Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som

er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han

eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril."

Dato: 31. mai
Tid: 20:00
Lokale: Vonheim. (trubadur på Mandelhuset etter showet)
Pris:590,-
Aldersgrense: 18 år.


Restriksjoner

Bruker av billetten må vera fyllt 18 år.

Ansvarsfraskrivelse

Billetter refunderes ikkje.

Tags

ausekarane
mandelhuset
tysnes
kultur
show
bjørn
jensen
tor
endresen
Organizer
Mandelhuset