Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Intimkonsert med Trine Rein – Unplugged
Laurdag 26. september
Laurdag 26. september får me ei heilt spesiell konsertoppleving på Mandelhuset når Trine Rein kjem til Festsalen med sitt Unplugged konsept. Dette blir ein intim konsert der publikum kjem tett på både artist og musikk, i ei lun og roleg ramme.
Trine Rein er ein av dei mest markante og anerkjende vokalistane i Norge, og er no aktuell med prosjektet Trine Rein Unplugged, eit akustisk album som er venta utgitt i februar 2026. På denne turneen tek ho publikum med på ei musikalsk reise gjennom både nye låtar og kjende songar frå ein lang og innhaldsrik karriere.
På scena har ho med seg Olve Flakne på gitar og Johannes Groth på keyboard. Saman skapar dei eit akustisk uttrykk med fokus på rein lyd, ekte kjensler og tett samspel. Publikum får høyra låtane slik dei står aller sterkast, utan filter og utan store effektar.
I tillegg til musikken byr Trine på lun humor, gode forteljingar og refleksjonar frå eit langt liv på scena. På repertoaret finn ein sjølvsagt klassikarar som Just Missed the Train, Stay With Me Baby og Torn, presenterte i ei nedstrippa og nær form.
Dette blir ein kveld for å lytta, kjenna etter og vera til stades.
Dato: 26. september
Tid: kl 20.30
Stad: Festsalen, Mandelhuset
CC: 490,-
Aldersgrense: 18 år
Billettar: Ticketco.no