Odd Nordstoga på Mandelhuset

INFORMACJE O IMPREZIE

Ta vel imot Odd Nordstoga!

Sundag 23. august står han på scenen i Vonheim. Me gleder oss til å gje dykk nok ein eineståande konsertoppleving.

//Billettsalget start kl 16:00 torsdag 6. august//

Lokale: Vonheim, ungdomshuset 100 meter opp i vegen frå Mandelhuset. Det blir ingen servering under konserten, dette for å imøtekomma smittevernsreglane.

-På TV har du sett han på «Hver gang vi møtes» og truleg blir det eit par låtar med derfrå ut på konsertscenene. Kanskje også ein smakebit frå eit nytt soloalbum som kjem i løpet av året, men både Frøken Franzen og Farfar blir nok fornærma om dei blir sett til sides, så dei må få vera med. Utover det får berreden som ser sjå. Heilt sikkert er det at Noregs svar på Odd Nordstoga, han kjem. Og han er kjempeglad for å koma ut på tur og møte folk igjen, og vil strekke seg langt for at folk skal bli glade.


Billett: 550,- pluss billettavgift.

oddnordstoga
mandelhuset
tysnes
konsert

Ograniczenia

Kjøpte billetter refunderes ikkje.