Sök efter evenemang
Bli med når Bjørn Tomren tek turen til Mandelhuset våren 2026. Med si heilt eigne blanding av stemmekunst, humor og musikalsk galskap serverer han låtar frå heile spekteret sitt, frå folketoner og jodling til Americana, jazz og finstemde viser. Dette blir ein kveld der alt kan skje, og der du garantert går heim med eit smil.
Påskeafta blir det høg stemning og fullt trøkk når Jojo kjem til Mandelhuset. Trubadur med lang fartstid, kjende låtar i ny drakt, allsang og fest heilt til kvelden er over. Dette er påskefesten du ikkje vil gå glipp av!
Laurdag 16. mai kjem Tony M til Mandelhuset. Erfaren trubadur med breitt repertoar, god publikumskontakt og låtar folk kjenner. Ein fin oppladning til 17. mai, enkelt og greitt.
Valentina kjem til Mandelhuset laurdag 23. mai. Trubadur med lang erfaring og breitt repertoar, kjende låtar frå fleire tiår og ei roleg, god ramme rundt kvelden.
Bryggedans ute på kaien fredag 5. juni med Queen Tribute Show ved Ole André Westerheim. Dei største Queen låtane, høg energi og ekte sommarfest på Mandelhuset. Konsert kl 21.00–23.00. Bord til middag før konsert kan bestillast online.
Rita Eriksen Trio kjem til Mandelhuset laurdag 27. juni for utekonsert på bryggekanten. Ei nær og stemningsfull sommaroppleving med sterke låtar og solid musikalsk samspel. Konsertstart kl 19.00. Bord til middag før konserten kan bestillast online.
Bryggedans ute på kaien med Splint. Eit energisk liveband med breitt repertoar, ekte speleglede og høg stemning. Konsertstart kl 21.00. Bord til middag før konserten kan bestillast online.
Trine Rein kjem til Mandelhuset laurdag 26. september med Unplugged konsert i Festsalen. Ei intim og akustisk oppleving med både nye låtar og kjende klassikarar. Konsertstart kl 20.30.
