Påskeafta med trubadur Jojo!
Påskeafta blir det høg stemning og fullt trøkk når Jojo kjem til Mandelhuset. Trubadur med lang fartstid, kjende låtar i ny drakt, allsang og fest heilt til kvelden er over. Dette er påskefesten du ikkje vil gå glipp av!
Påskeafta køyrer me på med full fest i huset når Jojo kjem til Mandelhuset. Dette blir ein kveld med allsang, kjende låtar, høg stemning og god gammaldags fest, akkurat slik påskeafta skal vera!
Jojo er ein trubadur med musikkgleda i ryggmargen. Han er vaksen opp med song, radio på kjøkkenet og allsang i bilen, og har drive med musikk heile livet. Med gitaren i handa tolkar han kjende låtar på sin heilt eigen måte, tru mot originalen, men på sin måte. The Beatles står sentralt, men her kan alt skje. For Jojo er ein låt god når han fungerer med berre gitar og stemme, og det er nettopp dette som gjer kveldane med han nære, levande og skikkeleg gøye!
Dette er kvelden for deg som vil synga med, ta eit glas eller to, og bli verande heilt til det lysnar eller lokalet er tomt.
Dato: 4. april
Tid: frå kl 22.00
CC: 150,- etter kl 22.00
Aldersgrense: 18 år
Billettar: Ticketco.no
Restriktioner
Bruker av billetter må vera fylt 18 år.
Ansvarsfriskrivning
Billetter refunderes ikkje.