Heine med venner! Sommarkonsert på Mandelhuset
Laurdag 25. juli inviterer me til ein uforgløymeleg sommarkveld på Mandelhuset! Gjer deg klar for herleg musikk, smittande energi og mykje latter når sjølvaste Heine Totland tek med seg venner for å lage liv på bryggekanten.
Sommarkonsert på bryggekanten: Heine med venner!
Laurdag 25. juli inviterer me til ein uforgløymeleg sommarkveld på Mandelhuset! Gjer deg klar for herleg musikk, smittande energi og mykje latter når sjølvaste Heine Totland tek med seg venner for å lage liv på bryggekanten.
Om showet: Heine med venner Heine Totland har hatt enorm suksess med sine musikalske humorshow, og er i dag ein av dei aller travlaste og mest folkekjære underhaldarane i landet. Han har spelt hovudroller i store musikalar som Mamma Mia!, Buddy Holly The Musical, Chess, Jesus Christ Superstar og Les Miserables – og våren 2023 gjorde han eit strålande comeback som «Harry» i Mamma Mia! på Folketeatret i Oslo. Dei siste åra har han også hausta stor suksess med eigne show på både Ole Bull Scene i Bergen og Latter i Oslo.
Visste du forresten at Heine også er ein ekte «rockekokk»? Med boka si Mat og Musikk, siger i Masterchef og fleire sesongar som programleiar for Det Norske Måltid saman med Arne Hjeltnes, veit han å setje pris på gode smakar. Kva passar vel då betre enn å kombinere showet hans med ein fantastisk middag hos oss?
Heine med venner byr på fengande låtar, parodiar og humor i skjønn foreining. Her kan alt skje, og godstemninga er garantert!
Praktisk informasjon:
Dato: Laurdag 25. juli
Stad: Bryggekanten på Mandelhuset
Konsertstart: Kl. 18:00
Pris konsert: Kr 550,-
🍽️ Gjer kvelden komplett med vår showmeny! Me serverer ein nydeleg 3-rettars middag inne i restauranten. Du kan velje om du vil ete før konserten for å lade opp, eller etterpå for å la opplevinga synke inn.
Bordsete: Kl. 16:30 og kl. 19:30
Pris middag: Kr 790,- (drikke kjem i tillegg)
Viktig: Middagen må bestillast på førehand! Kjøpes sammen med billett på Ticketco.no
Restriktioner
UNder 18 år må følgja med foreldre.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes ikkje.